Ose Countryfestival starta på
Reiårsfossen Camp på Osefita i Setesdal i 1983 med 10-12.000
besøkande. Dette var 10 gonger meir enn det arrangøren hadde
drøymt om og skapte den gong Wild West på Ose. Dåverande
festivalgeneral Torleif Ose tok ein tenkepause og
festivalen drog austover, fyrst til Dalen og seinere Seljord med
avleggarar både på Vinstra, Skjåk , Breim og Hålogaland.
Festivalen på Ose representerte den gong noko nytt i Noreg.
Ose Countryfestival har vore i gong att nokre år og me ynskjer å
vidareutvikle festivalen til den største og beste
countryfestivalen i landsdelen. I år vonar me at dei gode
artistene våre saman med publikum set ny publikumsrekord og gjev
oss endå ei minnerik langhelg med mykje god countrymusikk.
Hilsen Festivalstyret..
Ronny Reinholdsson Tlf: 97410083 Bookingsjef
ME TRENG
FRIVILJUGE
KLIKK HER FOR INFO
I tilfelle regn blir det satt opp ett festivaltelt.
Det blir også mulig og kjøpe billige regn Poncho
Konfransier i år blir den kjente og kjære ...Olava
!